Allianse for 3000 bedrifter

Næringsalliansen Vestland er samansett av 17 næringsråd og -foreiningar frå Sogn og Fjordane til Sunnhordland. Her var dei samla til møte i Bergen tidlegare i år.

Ei sterk omstillingsevne har alltid vore eit adelsmerke for det vestlandske næringslivet. Dette veit Næringsalliansen Vestland, som representerer 3000 bedrifter i heile fylket.


Tekst og foto: Bergen Næringsråd

– Omstilling og kompetansebehov er noko av det Næringsalliansen Vestland brukar mest tid på. Målet er å oppretthalde og styrke verdiskapinga i heile fylket, seier Espen Børhaug, som administrerer alliansen.

Næringsalliansen Vestland er samansett av 17 næringsråd og -foreiningar frå Sogn og Fjordane til Sunnhordland. Når Forsvaret no skal mangedoble investeringane, ikkje minst knytt til Sjøforsvaret og Vestlandet, må framtidsretta bedrifter også hente fram det aller beste av vestlandske tradisjonar. 

Pådrivar og tilretteleggjar
Stord Næringsråd er eitt av næringsråda i denne samanslutnaden. Mange av bedriftene der har brei erfaring frå krevjande leveransar til olje- og gassnæringa og annan industri, og kan relativt raskt tilpasse seg behov i forsvarssektoren.

– Mange har høg kompetanse på drift under strenge krav til dokumentasjon, leveringspresisjon og tryggleik. I tillegg finst det solid digital kompetanse, til dømes innan systemutvikling, sensorar, dataanalyse og cybersikkerheit, som er stadig meir relevant for moderne forsvarsløysingar, fortel dagleg leiar Torbjørn Brosvik.

– Stord Næringsråd kan vere ein aktiv pådrivar og tilretteleggjar for bedrifter som vil ruste seg for forsvarsoppdrag. Vi kan medverke gjennom informasjon og kompetanseheving, nettverksbygging mellom bedrifter og mot nasjonale aktørar, samt dialog med offentlege verksemder og Forsvaret.

Det samme gjer seg gjeldande i Øygarden, der Vest Næringsråd hjelper lokale bedrifter.

– Ei rekkje bedrifter har brei kompetanse knytt til vedlikehald. Vidare kan nemnast kompetanse knytt til undervassteknologi, marine operasjonar, materialteknologi, mekaniske fag, energi- og kontrollsystem og sertifisering, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.

«Det er viktig at vi ser på moglegheitene for næringslivet i ein større samanheng, saman med dei andre næringsråda i Vestland.»
— Kari-Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd

Ho understrekar at samarbeidet i Næringsalliansen Vestland er avgjerande i denne samanhengen:

– Det er viktig at vi ser på desse moglegheitene for næringslivet i ein større samanheng, saman med dei andre næringsråda i Vestland.

Det store biletet
I Nordhordland er ein særleg opptatt av omstilling, ettersom store delar av næringslivet i regionen er knytt opp til oljeraffineriet og industriområdet på Mongstad. Omstillinga er i full gang, og Greenspot Mongstad er ei drivkraft i dette med fokus på industriell symbiose. Kring Fensfjorden ligg også dei maritime hubbane i Skipavika og i Sløvåg.

– Fleire av våre medlemsbedrifter leverer alt i dag produkt og tenester til Forsvaret. Mange andre har også har etablert høge standardar for sikre leveransar. Det er klart at dette gir konkurransefortrinn, seier dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, Beate S. Korsøen.

– Vi orienterer oss aktivt mot den auka satsinga på Forsvaret. Vi vil hjelpe bedriftene til å sjå det store biletet, også gjennom
arbeidet i Næringsalliansen.


 
Forrige
Forrige

– Sjelden har et stortingsvedtak betydd mer for Vestland

Neste
Neste

Advarer mot ny forsvarsklynge